Kom deg ut-dagen på Bremnes

Arrangement

Dato
6. september 2020 kl. 12:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Barn
Turtyper
Arrangement, Kom-Deg-Ut-Dagen, Komdegut
Arrangører
Bømlo Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Sunnhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

Kom deg ut- dagen er Noregs nasjonale turdag, som blir arrangert av Den Norske Turistforening i februar og september over heile landet. Arrangementet i år vert ved gapahuken på Fet i Svortlandsmarkjo, søndag 6. september.

Barnas Turlag inviterer til ein opplevelsesdag ute i naturen. På grunn av Covid19 og smittevernsreglane vert det litt endringar i forhold til vanleg arrangement. Me kan likevel invitera barn og vaksne til å være med og boltre seg med ulike aktiviteter og lære seg å nyte ein dag ute i frisk natur. 

Arrangementet varer frå kl. 12. til 15. Det vert start ved Svortland skule mellom kl. 12 og 13. På grunn av smittevern må alle som ynskjer å delta denne dagen melde seg på innan fredag 4. september til Barnas turlag på e-post: barnas.turlag.bomlo@outlook.com. Merk antall, namn og telefonnummer.
Informasjon om Kom deg ut- dagen ligg også på Barnas Turlag Bømlo si Facebook- side.

Kom deg ut- dagen er gratis og open for alle, men denne gongen er det viktig at alle som vil delta melder seg på. Det vert turtipp på vegen inn til gapahuken og me fyrer i bålpannene. Ta med eigen mat/drikke og kle deg etter vêret. Me vil nytte høvet til å minne om Folkehelseinstituttet sine smittevernråd. Ikkje møt opp om du er sjuk og hugs avstand under heile arrangementet.

Me i Barnas turlag håpar at mange vil nytte høvet til å vere med på ein kjekk turdag, med aktivitetar og kjekt fellesskap for både vaksne og born.

Kom deg ut-dagen på Bremnes

Kom deg ut- dagen er Noregs nasjonale turdag, som blir arrangert av Den Norske Turistforening i februar og september over heile landet. Arrangementet i år vert ved gapahuken på Fet i ...

Kontaktinformasjon: