Bli med på "Kom deg ut- dagen" søndag 7.februar, ved gapahuken på Fet i Svortlandsmarkjo. Starttidspunkt i frå Svortland skule mellom kl.12.00-13.30.
- Natursti i refleksløypa og i lysløypa
- Fyr i bålpanna
- Ta med eigen mat (me deler ut ei pølse til kvar påmeldt, du må grille sjølv).
- Giveaway til alle borna
- Kle deg etter vêret, ta med sitjeunderlag.
Grunna Covid 19, lyt alle som vil delta melda seg på med antal, namn på alle og telefonnummer innan fredag 5.februar. (Max 200 deltakarar)
Påmelding på mail til barnas.turlag.bomlo@outlook.com
Me minnar om FHI sine reglar om smittevern: Ikkje møt opp om du er sjuk. Hugs god avstand under heile arrangementet.