Den etterkvart årlege turmarsjen, BØMLO PÅ LANGS, vert arrangert over to dager, 17.-18.. april, med overnatting og ein bedre 3 -retters middag, omlag midt på øya. Marsjen som er ganske nøyaktig 2 x 25 km, starter fra Rolfsnes, nord på øya, og slutter på Langevåg i sør. Turen går i variert terreng. Delvis på sti og utmarksvei, men også i mark utan sti. Me prøver å halda oss mest muleg i naturen, men må på asfalt et par km. Dette er ein fantastisk anledning til å bli betre kjent med øya Bømlo sin varierande natur. Grunna overnatting og transport, er det begrensa plass. Det er ikkje høve til å delta på deler av turen.
Medlemmer kr 1.390,- / Ikkje medlem kr 1.790,-
Dekker transport, overnatting og middag + frokost. Detaljert info ved påmelding.