Kom deg ut- dagen er Noregs nasjonale turdag, som blir arrangert av Den Norske Turistforening i februar og september over heile landet. Arrangementet i år vert ved gapahuken på Fet i Svortlandsmarkjo, søndag 5. september.
Barnas Turlag inviterer til ein opplevelsesdag ute i naturen.
Arrangementet varer frå kl. 12. til 15. Det vert start ved Svortland skule mellom kl. 12 og 13.
Informasjon om Kom deg ut- dagen ligg også på Barnas Turlag Bømlo si Facebook- side.
Kom deg ut- dagen er gratis og open for alle. Det vert turtipp på vegen inn til gapahuken og me fyrer i bålpannene. Ta med eigen mat/drikke og kle deg etter vêret.
Me i Barnas turlag håpar at mange vil nytte høvet til å vere med på ein kjekk turdag, med aktivitetar og kjekt fellesskap for både vaksne og born.