Avlyst WEEKENDTUR TIL Stølsheimen vest og Kalvedalshytta.

Fellestur

Fra dato
17. september kl. 08:00
Til dato
19. september kl. 20:30
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Aktivitet Fottur, Weekend-Tur, Overnatting, Fjelltur
Arrangører
Bømlo Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Fellestur
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst.

Stølsheimen Vest, eller fjellområda mellom Romarheimsdalen og Masfjorden er ikkje like godt kjent for alle. Her ligg BHT si Kalvedalshytta, som er ei sjølvbetjent DNT hytte med 24 sengeplassar.

Haust-tur i fjellet er nydeleg og denne helga går turen til Kalvedalen. Turen går gjennom variert fjellterreng og me passerer fleire fine stølsområde.

Me startar frå Bømlo fredag morgon og køyrer via Sandvikvåg – Halhjem til Urdal (ved E39) i Alver kommune. Her startar me turen ved fjorden ved Store-Urdal og me går inn over dalen. Her  passerer me Store-Aurdals sætra og Fjelde gard. Vidare ber det opp til Flatafjellet og over Råsefjellet der me kjem inn på T-stien til Kalvedalen. Etter om lag 12 km gange er me vel framme på hytta. Her lagar me fellesmiddag og nyt kvelden på hytta med flott utsikt og sosialt samvær.

Laurdagen vert det utforsking og tur i nærområdet, før me returnerer til hytta og lagar oss ein nydeleg felles middag og nyt kvelden på hytta.

Søndagen blir lika innhaldsrik når me går nordvestover til Illestigsskaret, Blådalsvatnet, Gjeleholet og Sørkvingevatnet (omlag 12 km), før me om ettermiddagen returnerar heim til Bømlo

Me brukar om lag 6 timar om fredagen og søndagen, pluss noko tid til pausar. I tillegg kjem transporten til/frå Bømlo. Laurdagen planlegg me ein tur på 4-5 timar, litt avhengig av været.  Inklusiv i dette vert det god tid til å sjå og oppleve natur- og kulturperler i området.

Pris for medlem:                    kr. 2.150,-
Pris for ikkje medlem:            kr. 2.750,-

Inkluderer transport, mat og overnatting på hytta

 

WEEKENDTUR TIL Stølsheimen vest og Kalvedalshytta.

Stølsheimen Vest, eller fjellområda mellom Romarheimsdalen og Masfjorden er ikkje like godt kjent for alle. Her ligg BHT si Kalvedalshytta, som er ei sjølvbetjent DNT hytte med 24 sengeplassar. Haust-tur i fjellet er ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Nils Magne Helle