DUGNADSPROSJEKTER

Turstien mellom Fet og Grimsfjellet er sterkt prega av slitasje. I februar organiserer me dugnad  for å utbetre denne mykje brukte stien.

Bømlo Turlag, Gutta på tur, Svortland Krinslag, Bremnes Idrettslag & SiA utfordrar alle til å velgja seg ei helg og bli med. Dugnad er nyttigt og sosialt.

Spørsmål og Påmelding: post@svortland.no eller turlaget@haugnett.no

3-4 Februar
10-11 Februar
17-18 Februar


Tidspunkt: frå kl 10-15 (oppmøte Sirkusplassen, Svortland Skule).
Vi skal grusa stien, byggja klopper (trebruer) osv.
Vi treng noken som kan bruka minigraver, kjøra ATV og jevna ut grusen med grapse. Det skal leggjast duk/ dreneringsrør og kjøre på med veg grus ved hjelp av ATV. (så langt vi klarar)
Vi treng litt «handamakt» til å drenere, bære material og ikkje minst treng vi folk til snikre trebruer/klopper. Her treng vi folk med hammar, gode batteridrevne driller for skruing og vi treng folk med gamle ryggsekker som kan bære litt grus.
Skal det bli «sosialt og litt sus over dugnaden «treng vi gjerne nåken som vil baka litt til oss og gjerne noken som kan koka kaffi (kan gjerne ha base ved Gapahuken på Fet?) og ikkje minst treng vi masse godt humør, litt administrativ hjelp til organisering, hjelp og oppfylgjing på Fet og ute i felten.

Ta med naboen og kaffikanna så blir dette bra.