Velkommen til Bømlo Turlag

Ettermiddagslys på vestsida av Bømlo
Ettermiddagslys på vestsida av Bømlo Foto: Alf Kr Selle
Bømlo Turlag vart skipa i 2011, og offisielt opptatt som eit underlag av Bergen og Hordaland Turlag og DNT, Januar 2012 . 

Turlaget har som føremål å stimulera til eit aktivt, sikkert og miljøvennleg friluftsliv for alle.  Når me i dag ser aktiviteten, lokal annerkjennelse og deltaking på våre arrangement og turer, trur me at turlaget langt på veg er i ferd med å lykkast i å nå sine mål. Me har et godt samarbeid med andre lokale lag på Bømlo som Gutta på Tur, ulike speidargrupper og Bømlo Røde Kors.

Hovudaktiviteten til turlaget er dei mange fellesturane lokalt, men også lengre overnattingsturar i fjellet eller til utlandet. I tllegg har me ei rekkje arrangement og turmarsjer som 7/5-fjellstur, Bømlo på Tvers, Bømlo på Langs osv. Mange turglade deltar også i topptrimmen som frister med nye turmål og flotte premier kvar år. Utover turaktivitetar, har turlaget også lagt ned mykje arbeid  med merking av stier og utvikling av aktivitetsområde i Svortlandsmarkjo i tilknytning til lysløypa til Fet.

Bømlo Turlag hadde hausten 2015, 472 medlemmer tilknytt BHT + ein del som er tilknytt Haugesund Turistforening. Totalt er vi over 500 medlemmer i DNT. 

UNDERGRUPPER

DUGNADSGRUPPE

Gruppeleder: Jostein Hollund

tlf: 948 37 467