Kajakktrening i Bømlo symjehall

Fellestur

Dato
22. februar kl. 18:45 - 21:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Ungdom
Turtyper
Fellestur, Padletur, Aktivitet Kajakk
Arrangør
Bømlo Turlag, Sunnhordaland Padleklubb
Dette arrangementet er over!

Det er stor interesse for padling på Bømlo. 
Bassengtrening med kajakk går ut på å øva på kajakkvelt og å koma oss opp i kajakken igjen. Dette bør alle som skal padla kajakk øva på, ferske som erfarne padlarar. 

No kan du øva i varmt vatn i trygge omgivelsar, med gode og kjekke instruktørar. Me har fått med oss Sunnhordaland padleklubb på laget, dei bistår som instruktørar. 

Det er ingen krav til ferdigheitar eller utstyr for å delta. Alt du treng er badetøy. 

Oppmøte: kl.18.45 ved inngangen til Bømlo symjehall.

Aldersgrense: 13 til 26år

Pris: 50kr for medlem, 100kr for ikkje medlem 
Betales på vipps ved inngang 

Utstyr: Badetøy, ta med dykkermaske om du ynskjer 

Turleder: Janne Kolbjørnsen Hovland og Finn Bakke 

Påmelding til: janne-hovland@hotmail.com / mobil: 48241877

Me følgjer DNT og FHI sine smittereglar, ingen med symptomer kan delta.